Heim Nyhende – Språknorma gjer det vanskelegare for nynorsken

– Språknorma gjer det vanskelegare for nynorsken

Kringkastingssjefen i NRK skulle ønskt det var mindre valfridom i den nye språknorma og refsar Språkrådet.

Hans Tore Bjerkaas meiner valfridomen i den nye språknorma gjer det vanskelegare for nynorsken å overleva. Det gjorde han klart i ein samtale med kulturredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende under Dei Nynorske festspela fredag.

Norma er vedteken og tek til å gjelde frå 1. august i år.

– Dei burde ha gjort nokre djervare val, heldt han fram.

Bakgrunnen for utspelet er dei nye utfordringane språket vårt møter i kvardagen gjennom til dømes sosiale medium.

– Den største utfordringa norske journalistar har kvar dag er å ha eit aktivt, direkte språk som ikkje er øydelagt av kjeldene. Dei må ha gode, berande setningar, sa han.

Ny generasjon – nytt språk

Ei brukarundersøking som NRK har gjort syner at det er blant menn i aldersgruppa til Bjerkaas at ein finn overvekta av dei som til dømes ikkje aksepterer dialektbruk i NRK.

– Desse meiningane høyrer altså til ein generasjon som er på veg ut. Ein må akseptere det norske mangfaldet. Og den oppveksande generasjon som kjem til no, dei høyrer til noko nytt, ei anna verd. Dei har ny kunnskap og høyrer til verdsmangfaldet og har andre meiningar også om språket vårt og korleis det skal vere. Dei hektar seg ikkje opp i om dialekt blir brukt i staden for normert språk.

– I tillegg gjer sosiale medium, tekstmeldingar og den utviklinga som skjer no, at det normaliserte språket vil komme under press. NRK vil gjere det vi kan for å ta vare på det normaliserte språket, det er det ingen tvil om, men eg tør ikkje å svare på kvar grensegangane skal gå over tid.

Kritikk til Språkrådet

Bjerkaas meiner Språkrådet og språkfolk burde vore flinkare til å fastsetje normer og innskrenke valmoglegheitene både for nynorsk og bokmål.

– Det som blir utfordringa med dei mange vala, er at det ikkje finst noko reelt val for dei som skal bruke det. Der blir ikkje lenger ei rettleiande norm. Den slekta som veks opp blir forvirra over dette.

Kringkastingssjefen meiner at Språkrådet hadde gjort ein betre jobb om dei hadde gitt pedagogar og NRK ei klarare norm å handle etter.

– Språkrådet har skusla bort ein sjanse for nynorsken med den siste normeringa, avslutta Hans Tore Bjerkaas. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...