Heim Nyhende Grunnlova på nynorsk

Grunnlova på nynorsk

Når Stortinget vedtar ei modernisert Grunnlov til grunnlovsjubileet i 2014, skal lovteksten liggje føre på både bokmål og nynorsk.

Stortingsgruppene til dei tre regjeringspartia, SV, Sp og Ap, har no alle gått inn for at Grunnlova også skal finnast på nynorsk. Høgre og Frp er innstilte på det same, skriv vekeavisa Dag og Tid.

Revideringa av Grunnlova, som sist vart modernisert i 1903, har komme i stand gjennom eit mangeårig samarbeid mellom tidlegare Frp-leiar Carl I. Hagen og den pensjonerte språkprofessoren Finn-Erik Vinje. Vinje har òg stått for sjølve moderniseringa av teksten.

Vil ha ny bokmålstekst

Men ikkje alle er like fornøgde med den nye bokmålsteksten, og det kan bli aktuelt og endre også den før Grunnlova blir lagt fram for Stortinget.

– Vi er ikkje fornøgde med den teksten som ligg føre frå Vinje og Hagen, og vil ha ein ny tekst, seier visepresident i Stortinget Marit Nybakk (Ap) til Dag og Tid.

KrF har enno ikkje tatt standpunkt i saka, mens Venstre, som det einaste stortingspartiet, er negativ til moderningseringsprosjektet. I Venstre ønskjer dei ein grundigare grunnlovsrevisjon der ikkje berre språket, men også innhaldet blir oppdatert.

To tredels fleirtal

Endringar i Grunnlova krev to tredels fleirtal på Stortinget. Endringsframlegg må seinast leverast inn i det nest siste stortinget i ein valperiode og liggje over eitt val før det blir behandla. Om den «nye» Grunnlova skal kunne vedtakast til grunnlovsjubileet i 2014, må framlegget vere klart før 28. september i år.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget skal behandle grunnlovsframlegget 3. mai.

Den første Grunnlova vart formulert på dansk og vart modernisert til eit meir moderne norsk i 1903. Da Stortinget i 1906 behandla eit framlegg om ein nynorskversjon av Grunnlova, var mottakinga meir lunken, og det vart med det.

Men nynorskomsetjinga til Nikolaus Gjelsvik vart likevel publisert i Norsk lovtidend, som òg kom med oppdaterte versjonar i 1915 og 1933. Fram til 1985 vart det jamleg publisert oppdaterte nynorskversjonar i handboka «Grunnloven vår» (©NPK).

Førre artikkelVil redde nynorsken
Neste artikkelVil bremse målbyte

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...