Heim Nyhende Vil ha meininga di

Vil ha meininga di

Samferdsledepartementet har oppretta ein blogg kor du kan kome med innspel til Nasjonal transportplan.

Forslaget til Nasjonal transportplan 2014 – 2023 vart lagt fram 29. februar i år, og den er no på høyring fram til 29. juni. I høyringsperioden kan folk gå på bloggen ntpdiskusjon og kome med innspel til emna transportplanen tar opp i seg: Trafikktryggleik, miljø og klima, kollektivtransport og storbyutfordringar, busetnad og næringsliv, jernbane, luftfart og sjøtransport. Diskusjonen på bloggen er allereie i gang, og både sentrale og lokale politikarar får konkrete innspel til forbetringar og invitasjonar til å vere med og prøve ut dårlege vegar.

Nasjonal transportplan (NTP) er ein 10-årsplan for samferdsle og den blir utarbeidd av Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor. Forslaget til NTP blir lagt fram for Regjeringa, som etter ei høyring legg den fram som ei stortingsmelding. Det er Stortinget som vedtek den endelege transportplanen. NTP blir revidert kvart fjerde år, i forkant av stortingsvalet.

Førre artikkelFjas til folket
Neste artikkelFår ting til å skje

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...