Heim Nyhende Endeleg nynorsk

Endeleg nynorsk

Marin Stallemo Bakke (17) har sidan 2005 ønskt seg nynorsk som hovudmål. Først på vidaregåande blei draumen verkeleg.

– Foreldra mine meinte det ville bli for mykje stress for lærerane på skulen om eg skulle byte, så eg venta, fortel ho til Sørnett.no.

Draumen om nynorsk som hovudmål måtte vente, men Marin ga han ikkje opp. På vidaregåande fekk ho det som ho ville.

– Venene mine forsto ingenting. Dei kunne ikkje fatte at eg ville ha nynorsk som hovudmål. Eg brydde meg ikkje så mykje om dei negative kommentarane. Det viktigaste er jo at ein sjølv likar det, slår ho fast.

Marin har alltid vore opptatt av språk, og særleg då nynorsk. I dag har ho alle lærebøkene sine på nynorsk, og skriv bare bokmål viss ho må.

Det går veldig bra med nynorsk, men verre er det med bokmål, fortel Marin som må innrømme at det til tider kan vere forvirrande å skrive på bokmål.

Mor hennar kjem frå Vestlandet, og ho tenkjer at det er noko av grunnen til at ho valde som ho gjorde. Nynorsk betyr mykje for ho. Marin synest nynorsk er eit vakkert og rikt språk som er viktig å halde på. Ho meiner at både bokmål og nynorsk er nyttige å kunne, men at nynorsk i aukande grad bør flettast inn i norskundervisinga.

– Viss lærarar skriv på nynorsk i tavleundervisinga, vil det bli enklare å få det inn. Nynorsk bør lærast på lik linje med bokmål. Det er ikkje rart at folk ikkje likar nynorsk når dei ikkje meistrar det.

Marin meiner fleire timar med nynorsk vil forbetre tentamensresultata.

– Med fleire timar sette av til nynorsk, vil fleire bli motiverte. Viss ein lærar seg språket skikkeleg, vil ein oppnå meistring, og då blir det gøy. Det er jo ikkje noko morosamt å gjere ting du ikkje meistrar.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...