Heim Nyhende Jubileumsboka er klar

Jubileumsboka er klar

Norsk Barneblad si jubileumsbok Skrinet med det rare i er nå klar. Boka fortel om den 125 år gamle historia til eitt av verdas eldste barneblad.

I januar for 125 år sidan kom det vesle bladet Sysvorti ut for første gong.  Unge Kristen Stalleland frå Grimstad ville så gjerne gje barna noko å lese på sitt eige mål, landsmålet.  Ingen av landsmålsforfattarane hadde skrive bøker for barn på denne tida.
Sidan starten har Norsk Barneblad produsert meir enn 40 000 sider med lesestoff for barn. Og i tillegg kjem meir enn 140 teikneseriehefter og i overkant av 240 bøker.

I jubileumsboka «Skrinet med det rare i» blir heile forteljinga til bladet presentert. Her er det mykje moro og kuriosa, som tidstypiske tekster av typen «dei innfødde villmennene» og jentespeidarar som har «barnestell-merket» som sitt høgste speidarmerke.

Det første bladet hadde 30 abonnentar, men ved utgongen av året hadde dette vokse til 350 abonnentar. Det er uråd å vite kor mange som har abonnert på bladet gjennom tidene, men det er snakk om fleire hundre tusen . Og talet på lesarar må ha vore langt høgare, skriv Norsk Barneblad i ei pressemelding.

Norsk Barneblads juleutgåve, Juletre, kom første gongen i 1898 og blei ein suksess. På det meste selde Juletre opp imot 100 000 eksemplar i laussal. Johan Bojer, Johan Falkberget og Mikkel Fønhus skreiv alle for Juletre.Medan Lars Osa, Otto Valstad og Jens R. Nilssen er nokre av dei som har laga illustrasjonar for Norsk Barneblad.

Smørbukk, første gong utgitt i 1941, og Tuss og Troll, første gong utgitt i 1945, er to urnorske julehefte som Norsk Barneblad har gitt ut. I tidsrommet 1918 til 1988 ga Norsk Barneblads Forlag ut 225 bøker, samt 18 bøker før forlaget blei oppretta.

«Skrinet med det rare i» oppsummerer alt dette på sine 160 rikt fargeillustrerte sider. Her er det presentasjonar av alle redaktørane og fleire andre viktige medspelarar. Norsk Barneblad er eitt av dei eldste barneblada i verda og den eldste nynorskpublikasjonen som framleis kjem ut.

Eirik Helleve er forfattar av jubileumsboka. Han er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen og bur på Voss.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...