Heim Nyhende Vårprogrammet i Aasen-tunet er klart

Vårprogrammet i Aasen-tunet er klart

Jazz- og visesongar Beate Slettevoll Lech, forfattarane Marit Eikemo og Frode Grytten og songar Tom Roger Aadland er nokre av dei som skal underhalde på Ivar Aasen-tunet dette halvåret.

Første post i vårprogrammet er konserten SANS og samling med lokale musikarar 25. januar. Beate Slettevold Lech, som er nominert til Spellemannprisen i kategorien Viser, kjem til Aasen-tunet 1. februar.

Frode Grytten vitjar Ørsta og Aasen-tunet 9. februar, medan Marit Eikemo kjem på kvinnedagen. Tom Roger Aadland har hausta mykje ros for omsetjingane av Bob Dylan sine tekstar til nynorsk. Torsdag 22. mars tek han med seg Dylan på nynorsk og eit knippe nye låtar med sterke, nynorske tekstar til Aasen-tunet.

Dei minste kan sjå fram til to høgdepunkt denne våren. 12. februar er det Operabarnetimen, ei humoristisk og energisk framsyning av og med Ensemble Fanfaronner. I påskeveka har Tunkatten Lurivar for første gong lagt lure planar.

Dei nynorske festspela har 20-årsjubileum i år og i helga 28. juni til 1. juli kjem det mange besøkande både deltakarar og artistar til Aasen-tunet. Tysdag 27. mars blir programmet lansert. Temaet i år er Songen og festspeldiktar Arne Moslåtten er til stades under lanseringa.

Utover våren kjem Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad med forteljeframsyninga Fiskarkona og døtrene hennar, publikum kan høyre filosof Gunnar Skirbekk og Norsk Ordbok presenterer ordnytt. 18. april i Bergen, presenterer Ottar Grepstad Språkfakta 2012, siste nytt om språk i verda og Noreg.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...