Heim Nyhende Unikt mållag i Vestfold

Unikt mållag i Vestfold

På måndag skal Bakkenteigen mållag ved Høgskolen i Vestfold ha sitt første offisielle arrangement. Dei ser på seg sjølv som unike sidan dei er det einaste lokalmållaget i Noreg som er for både studentar og tilsette.

Bakkenteigen mållag inviterer måndag til Jul på nynorsk i biblioteket på Høgskolen i Vestfold. Tema er bibelomsetjing, julesongar og litt humor. Anders Aschim er ein av forfattarane som har vore med på den nye omsetjinga av Bibelen til nynorsk. Han er tidlegare student ved Høgskolen i Vestfold og er skal vere med på julearrangementet på høgskulebiblioteket.

Initiativtakar til både mållaget og julearrangementet er stipendiatane Gudrun Kløve Juuhl og Ommund Vareberg.

– Vi er vel kanskje den arbeidsplassen med flest nynorskbrukarar i fylket og i tillegg utdannar vi mange lærarar, og då passar det å ha eit mållag. I lærarutdanninga er jo nynorsk ein viktig del av norskfaget og i tillegg har vi eit bra språkfagleg miljø ved høgskulen, seier Kløve Juuhl til lnk.no.

– Med mållaget kan vi synleggjere nynorsken og språkmangfaldet generelt, legg ho til.

Ho fekk stipendiat-stillinga i 2007, og skriv ei avhandling der ho samanliknar ungdomskuleelevar sine fagtekstar i skulen med tekstar dei skriv på fritida. Kløve Juuhl har mellom anna vore leiar for Norsk Målungdom. Saman med Ommund Vareberg, prosjektleiar Kristin Barstad, professor Norunn Askeland og høgskulelektor Fredrik Borgen utgjer ho arbeidsutvalet i Bakkenteigen mållag.

– Sjølv om Vestfold er eit bokmålsområde, så er høgskulen litt meir mangfaldig, slår Kløve Juuhl fast.

– Vi er stolte over å vere det einaste institusjonsmållaget i landet, ope for både studentar og tilsette. Vi reknar med at vi er om lag 20 interesserte, og i februar inviterer vi til årsmøte der vedtekter og anna slikt skal på plass, fortel professor Norunn Askeland til nettsida til Høgskolen i vestfold.

–Det finst mange mållag for studentar, men ikkje for fakultetstilsette, legg lektor Fredrik Borgen til.

Utover våren håpar dei å kunne invitere til fleire arrangement på biblioteket.

– Vi trur at interessa for nynorsk er aukande, ikkje minst i samband med den nye interessa i dei nordiske landa for nabospråksforståing. Vi ønskjer å gjere språket meir synleg og dermed auke interessa for språk, slår Askeland fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...