Heim Nyhende Ny raudost i februar

Ny raudost i februar

Produksjonen av ein ny raudost er i full gang ved Tine Lom og Skjåk.

I førre veke var marknadsansvarleg frå Tine på plass i ysteriet for å sjå på produksjonen av den nye brunosten som etter planen skal ut på marknaden i februar, opplyser lokalavisa Fjuken på sine nettsider.

Tine-leiinga vil ikkje røpe namn eller design på den nye raudosten, men håpar at osten skal bli den nye kvardagsosten for folk. Smaken ligg ein stad millom fløytemysost og vanleg G35, og namnet vil avspegle dette.

– Den nye raudosten er god, sa både ordføraren i Skjåk, Rolv Kristen Øygard, og varaordførar i Lom, Anne-Lise Marstein, til Fjuken etter ei prøvesmaking.

Meierisjef Jens Hagen er spent på kva Arne Brimi kjem til å meine om osten. Brimi sto hardt på i kampen mot nedlegging av ysteriet. Tine bestemte seg for å halde på produksjonen av raudosten i Ørsta, Skjåk og Lom i mars i år etter fem år med utgreiingar og vurderingar.

Målet er å produsere 500 tonn årleg av den nye brunosten. Grenseysteriet skal framleis produsere den prisvinnande G35 og Heidal Mørk.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...