Heim Nyhende Gåvmilde på Utsira

Gåvmilde på Utsira

Som så mange gonger før var innbyggjarane i rogalandskommunen Utsira blant dei mest gåvmilde i årets tv-aksjon. I snitt gav dei rett over 200 innbyggjarane 352 kroner kvar til Norsk Folkehjelp sitt mineryddingsarbeid.

 

Svalbard er likevel i særklasse med eit snitt på 516 kroner fordelt på dei litt over 2500 innbyggjarane.

Landsgjennomsnittet blei i år på 42 kroner per innbyggjar, og totalt fekk tv-aksjonen inn over 208 millionar kroner. Dette resultatet er ifølgje NRK det nest beste nokonsinne.

– Dette er eit fantastisk resultat som viser at det norske folk støttar den viktige jobben med å rydde miner, seier leiar i Norsk Folkehjelp si mineavdeling, Per Neergaard, til NRK.no.

– Dette frigjer meir tid og pengar til å rydde rydde miner og redde liv, held han fram.

Generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Liv Tørres, er overvelda:

– Dette beløpet er langt over det vi hadde håpa på, det er heilt fantastisk! Dette gir oss mulegheita til å rydde endå meir land fritt for miner, klasebomber og blindgjengarar som ligg igjen etter krig og konflikt. Vi er svært takksame for dei bidraga som har kome inn i dag. Og så må vi få rette ei stor takk til alle de verkelege heltane som kvar dag går ut og gjer ein livsviktig jobb i minefelta, og som har delt sine erfaringar frå Bosnia, Libanon, Tadsjikistan, Laos, Vietnam og Sør-Sudan, seier Liv Tørres i ei pressemelding.

– Norsk Folkehjelp har hatt TV-aksjonen to gonger tidlegare, men dette slår alle tidlegare rekordar for vår del, legg ho til.

Her kan du finne resultatet frå din kommune.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...