Heim Nyhende Vil gje innvandrar fleire tilbod

Vil gje innvandrar fleire tilbod

Fylkesbiblioteket i Oppland ønskjer å leggje meir til rette for innvandrar og gi dei fleire tilbod på biblioteka i fylket. Nasjonalbiblioteket har gitt fylkesbiblioteket prosjektmidlar til å utvikle biblioteka som fleirkulturelle arenaer.

 

I morgon arrangerer Oppland fylkesbibliotek eit arbeids- og oppstartsmøte på Lillehammer. Fylkesbiblioteksjef Gunhild Aalstad kan fortelje at rundt 10 av 26 bibliotek har meldt seg på møtet.

– Vi ønskjer å utvikle biblioteka som fleirkulturell og inkluderande møtestad. Innvandrarane er jo her frå før, men det skjer ikkje noko integrering av den grunn, seier Aalstad til lnk.no.

Ho har invitert det fleirkulturelle rådet, som er oppretta i fylkeskommunen, med på oppstartsmøtet.

– Vi vil høyre med innvandrarane sjølve kva dei meiner er viktig for å utvikle biblioteket som ein fleirkulturell møtestad, slår fylkesbiblioteksjefen fast.

– Innvandrarane er jo inga homogen gruppe, det er jo alt frå nederlenderar til afrikanarar. Vi må gjere noko i høve til den målgruppa vi har med ulike forventningar og behov, held ho fram.

Aalstad fortel vidare at arbeidet med å utvikle biblioteket i Oppland som ein fleirkulturell arena støttar seg på ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar) frå  Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Rapporten seier noko om strategiar og tiltak for integrering. Ho fortel vidare om fleire integreringsprosjekt som fylkesbiblioteket har vore involvert i.

– Det er ikkje noko nytt for oss å ha fokus på innvandrar, men nå ønskjer vi å gjere det ytterlegare. Vi skal vere ein global døropnar og nettverksbyggjar. Innvandrarane har brukt biblioteket i mange år, men nå ønskjer vi å finne ut om vi kan leggje til rette for dei på andre måtar og gje dei nye tilbod, sluttar fylkesbiblioteksjef i Oppland, Gunhild Aalstad.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...