Heim Nyhende Førstevalget.no i gong i dag

Førstevalget.no i gong i dag

I dag klokka 9 gjekk Mot til å meina-kampanjen Førstevalget.no “live” for første gong. Etter dei tragiske hendingane 22. juli er ennå ikkje alt på plass frå ungdomspartia si side, men ungdommar under 26 år kan frå i dag av gå inn og stemme på kandidatane og partia dei ønskjer.

Elise Heng Steen og Elise Løland i kjernegruppa Mot til å meina har saman med ideentreprenøren Melvær & Lien utarbeidd Førstevalget.no. Dette er ein Facebook-basert kampanje som skal få fleire ungdommar til å røyste.

– Vi må gjere det å røyste til ein vane tidleg, og då nyttar det ikkje å bruke tradisjonelle reklamekampanjar, sa Elise Heng Steen under presentasjonen av kampanjen Førstevalget.no på Mot til å meina-konferansen i Oslo i vår.

Førstevalget.no er basert på Facebook. Ein stad der 70 prosent av dei norske ungdommane i målgruppa for kampanjen er.

– Vi må bruke Facebook til noko positivt. Informasjon spreier seg lett på facebook gjennom lenkjer lagt ut av venner, sa Elise Løland i Oslo.

– Vi stoler meir på vennene våre enn på reklamekampanjar, la Elise Heng Steen til.

Sjølv om Førstevalget.no nå er oppe og går, manglar det litt informasjon frå ungdomspartia si side.

– Det er ein del som gjenstår, på grunn av det som skjedde i Oslo, fortel Silje Herget, som er tekstforfattar og rådgjevar i Melvær & Lien.

Om ei veke skal det meste vere på plass. Herget trur Førstevalget.no kjem til å fylle ei viktig rolle i valkampen.

– Ungdommane har vore veldig positive til dette, og eg er overtydd om at kampanjen kjem til å spreie seg, spesielt nå på grunn av det avlyste skulevalet. Det blir spennande å sjå kva parti som gjer det best, slår Herget fast.

– Vi har ei avtale med Startsiden om å få vise topp 10-plasseringa frå Førstevalget.no på Framtida.no, kan ho vidare fortelje. – Vi skal prøve å vere synlege i fleire kanalar. Nå er alt opp til ungdomspartia og ungdommane sjølve. Det er dei som skal vere med og spreie dette.

Førstevalget.no kan ungdommane finne sin kommune og sine kandidatar,finne ut kva parti som passar dei best ved å ta ein partitest, stemme sjølve og sjekke korleis dei ulike partia og kandidatane ligg an.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...