Heim Nyhende Kunst, konsertar og krafttak

Kunst, konsertar og krafttak

Denne veka kan du få med deg kunstutstillingar, sommarkonsertar, eit motbakkeløp og mykje meir langs Diktarvegen.

Vi deler aktivitetane inn tematisk – og kan då by deg:

Mat: Kafeen Underground i Strand kommune er open kvar måndag og torsdag fra kl 17 til 21. Kvar torsdag i juli blir det servert kaffi og vafler i Bygdatunet i Granvin frå kl. 14.00 til 17.00. I tillegg vert det ein minikonsert med elevar frå musikkskulen i Holvenstova i Granvin ca kl 15.00. Konserten er gratis.

Friluftsliv: I Ulvik går fiskefestivalen av stabelen kommande helg, den sjuande festivalen i rekkja. Dette er ein festival for både store og små, og det blir konkurransar, underhaldning og mykje moro!

For dei som føler for å svi av nokre kaloriar og nyet livet ute, skal Granvin turlag ha tur frå Liaset via Olavstøl til Olsskalven på søndag 10. juli. Turen startar klokka 11, og Lars Eirik Holven blir med som turleiar.

Same dag skal Feios idrettslag arrangere motbakkeløpet Vidasete opp for 6. gong i 2011. Du kan delta i trim/famlilie kl 09.00-12.00 eller vere med i konkuranseklasse med start kl 12.27. Løpet startar på Lunde. Meir om løpet finn du her: http://www.feios.no/feios/vidasete-opp/

Musikk: Vassendgutane har nyleg gitt ut ny CD, og dei skal spele i Eidfjordhallen på fredag.

Galleri N.B. i Eidfjord skal ha opningskonsert  laurdag kl 18.00. Programmet for opningskonserten byr på eit fargerikt program. Sentralt står den folkekjære Edvard Grieg med utdrag frå Holberg suiten og Lyriske stykker op. 43.

Kunst: Laurdag 9. juli opnar Galleri Walaker 300 i Balestrand dørene kl 13 for årets andre utstilling. Det vert servert heimelaga eplejuice og fingermat til dei som kjem kl 13. Dei som stiller ut er: Inger Sitter, Sigrid Øyrehagen, Gro Hege Bergan, Astrid Grue og Karin Øvstedal.

 

Arrangementa er henta frå kalenderen til www.diktarvegen.no. Har du tips til arrangement langs Diktarvegen? Kontakt oss!

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...