Heim Nyhende Om politisk engasjement

Om politisk engasjement

Synnøve Kvamme skal fortelje om korleis ei mast kan setje fyr på engasjement under Mot til å meina sin valkonferanse i Oslo.

 

Konferansen som går av stabelen 10 og 11. mars i Oslo har fått tittelen «Snakk med oss – då gidde me kanskje stemma».

Det er kommunane Hjelmeland, Sauda og Time som i samarbeid med Kommunal-og regionaldepartementet gjennomfører pilotprosjektet som er retta mot ungdom under 26 år. 
 
På konferansen kjem blant andre kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) for å snakke om korleis kommunane skal klare å få med seg dei unge i politikken. 
 
Det er også sett av tid i programmet til å møte engasjerte ungdommar. Leiar i Granvin ungdomsråd, Synnøve Kvamme, vil til dømes snakke om korleis ei mast kan setje fyr på engasjement.
 
Og Trond – Viggo Torgersen som er leiar av regjeringa sitt uval om unge si makt og deltaking skal gi svar på spørsmålet: Korleis gi dei unge auka makt på den politiske arenaen? 

Målet er å auke det politiske engasjementet blant unge. Ikkje minst arbeider ein mot at fleire unge vil ta del i politisk arbeid, politiske parti og politiske interesseorganisasjonar fram mot lokalvalet til hausten.
 
Dei vidaregåande skulane som dekkjer pilotkommunane har peika ut fem elevar kvar som skal følgje prosjektet og leggje premissar og gi innhald til prosjektet. 
 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...